Abonnements­vilkår

Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av abonnement på Bømlo-nytt, som samarbeider med Polaris Media Sør. Som abonnent på Bømlo-nytt har du tilgang til alt innhald i elektronisk utgåve (eAvis) og nettavisa. Papiravisa vert levert 2 dagar i veka. Du får tilgang til digitale akriv tilbake til 1973.Aldersgrensa for å tinga abonnement er 18 år. For å få tilgang til alt innhald digitalt frå Bømlo-nytt, må du registrera deg som digital brukar her. Det gjer du ved å fylla inn dine personlege opplysingar og velja brukarnamn og passord. Gjennom Bømlo-nytt Mi side kan du administrera abonnementet ditt.
Vilkåra gjeld for både privat- og bedriftskundar.
Transaksjonen vert gjord med:

Bømlo-nytt AS
Postadresse: Svortlandsvegen 14 5430 Bremnes
Tlf: 98250149
Foretaksreg: NO 893 171 622 MVA
E-post: kundeservice@bomlo-nytt.no
https://www.bomlo-nytt.no
Bankkontonummer: 35206063139

1. Abonnement

Abonnementet vert betalt på forskot og held fram til me mottek oppseiing, og uansett ut den betalte perioden. Ved slutten av ein abonnementsperiode vil abonnementet automatisk bli forlenga med ei lengd lik førre periode. Abonnementet skal betalast innan forfallsdatoen på fakturaen. Kjem betalinga for seint, vil den gjeldande lovbestemte forseinkingsrenta verta lagd til. Dersom tilsendt inkassovarsel ikkje vert betalt innan opplyst betalingsfrist, vert kravet sendt til inkasso, og lovheimla inkassokostnader kan koma i tillegg.

2. Varigheit og oppseiing

Abonnementet ditt vert fornya automatisk. Abonnementet vert fornya med den perioden som vart opplyst i kjøpsaugneblinken. Abonnement kan når som helst seiast opp med verknad frå neste abonnementsperiode, men seinast innan 3 dagar før ny abonnementsperiode startar. Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Eventuelt attståande beløp vert ikkje refundert. Ei oppseiing må rettast til vårt kundesenter på e-post eller telefon, eller gjennomførast på Mi side, under «Sei opp abonnement». Manglande betaling vert ikkje rekna som oppseiing. Ved manglande betaling vert avisleveringa og den digitale tilgangen stoppa, og me fakturerer restrekning for levert periode. Du kan velja å stoppa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller ditt digitale abonnement. Lov om angrerett gjeld.

3. Prisar

Sjå gjeldande prisar her
Levering av papiravis i Noreg er gratis. For levering av papiravis i utlandet kjem Posten sitt portotillegg. Ynskjer du faktura i posten, vert det lagt til eit gebyr på kr 35,- per faktura. Ved betaling med Avtalegiro, E-faktura eller kort er det ingen gebyr. Oppretting av AvtaleGiro vert gjort på Mi Side (menyval "Abonnement") eller via din bank. Elektroniske trekk som ikkje er betalte innan fristen, får betalingspåminning med eit fakturagebyr i posten. Bømlo-nytt tek atterhald om når som helst å endra prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjort i avisa og på heimesida, seinast 14 dagar før iverksetjing. Dei nye prisane gjeld frå fastsett dato for alle typar abonnement.

4. Betaling

Du kan kjøpa abonnement på Bømlo-nytt på Bømlo-nytt.no ved å bruka Vipps, bankkort/kredittkort eller få tilsendt faktura. Ved Vipps eller kortbetaling vert kortet du registrerer, trekt for ein ny periode til du seier opp abonnementet hjå oss. Bømlo-nytt nyttar elektronisk betalingsløysing gjennom Vipps eller PayEx. Les meir om Vipps på her. PayEx støttar Verified by Visa-standarden. Les meir om PayEx på www.payex.no. Betalingssidene er sikra med SSL-sertifikat. Les meir på Let's Encrypt. Det betyr at du som kunde har ekstra sikkerheit ved betaling hjå Bømlo-nytt. For kjøp i andre salskanalar kan faktura eller elektronisk bankbetaling nyttast. Dersom innbetaling ikkje skjer, har Bømlo-nytt høve til å lukka tilgangen og stoppa avisleveringa med det same.

5. Angrerett

Ved kjøp av abonnement hjå Bømlo-nytt har du angrerett i samsvar med lov om angrerett. Du mottek angrerettsskjema i samband med bestillinga, og kan gå frå avtalen ved å returnera utfylt angrerettsskjema til kundesenteret vårt innan 14 dagar etter at skjemaet er motteke.

6. Reklamasjon og reklamasjonsfrist – abonnenten sine rettar

Dersom det er ein mangel ved abonnementstenesta, må abonnenten innan 14 dagar etter at mangelen vart oppdaga eller burde ha vorte oppdaga, gje Bømlo-nytt melding om at abonnenten vil klaga på mangelen. Det gjer ein ved å ta kontakt med kundeservice kundeservice@bomlo-nytt.no .

7. Konfliktløysing

Eventuelle klagar rettast til Bømlo-nytt innan rimeleg tid, jf. punkt 5 og 6. Partane skal freista å løysa eventuelle tvistar med god vilje. Dersom dette ikkje lukkast, kan abonnenten ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 40 06 00.

8. Levering

Avtala leveringsstad for papiravisa må merkjast godt, slik at distributøren finn fram. Skal avisa fram til rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten syta for tilfredsstillande lys og brøyting. Distribusjonen kan stoppast dersom tryggleiken ikkje er tilfredsstillande.I nokre område vert avisa distribuert av Posten saman med annan post. Slike løysingar kan òg verta nytta i område der me ikkje har eigne distribusjonsruter. 7. juli 2020 reduserte Posten talet på leveringsdagar, og leveringsfrekvens vil variera ut frå dette. Sjekk kva dagar du har postlevering her. EAvis er tilgjengeleg frå kl. 06.00. Nokre sider kan unntaksvis avvika frå den trykte versjonen. Temabilag vil berre vera tilgjengelege dersom dei er utgjevne av Bømlo-nytt. Ilegg med andre utgjevarar vil såleis ikkje vera tilgjengelege. Dersom levering er hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure i meir enn to dagar, vert dette kompensert med tilsvarande forlenging av abonnementet. Dersom årsaka til manglande tilgang er knytt til brukaren sin internettilgang eller problem med brukaren sitt datautstyr/software, vert det ikkje kompensert. Ved endring av leveringsadresse må Bømlo-nytt kontaktast seinast tre virkedagar før endringa skal tre i kraft. I feriar tilbyr me gratis flytting av avisa til leveringsstad i Noreg. Papiravisa kan omadresserast i inntil 4 veker, eller me kan oppbevara avisene hos Bømlo-nytt. Du kan sjølv registrera endringa på https://les.bomlo-nytt.no.

9. Mi Side

På Bømlo-nytt si nettside kan du på Mi Side administrera abonnementet ditt. For å kunna bruka Mi Side, må du logga deg inn med brukarnamn og passord.
Her kan du:
– Omadressera avisa, fast eller mellombels om du skal på ferie
– Stoppa leveringa av papiravisa mellombels
– Sjå betalingsopplysingane dine
– Endra betalingsmåte og oppdatera kredittkortopplysingar
– Oppretta Avtalegiro-avtale
– Senda oss ei melding

10. Brukartilgang

Den juridiske eigaren av abonnementet er han som har teikna det. Abonnenten kan vera innlogga på inntil fem einingar samstundes.
Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlem av abonnenten sin husstand, som bur på same adresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbrukar Bømlo-nyttsine tenester, har Bømlo-nytt rett til straks å stengja abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling.

11. Rettar

Som tingar av Bømlo-nytt har du tilgang til alt materiale, medrekna tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Bømlo-nytt. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med tanke på gjenbruk er ikkje tillate.

12. Informasjonskapslar

Her kan du lesa om vår cookiepolicy.

13. Handsaming av personopplysingar

Ved å akseptera desse brukarvilkåra samtykkjer du til at Bømlo-nytt kan handsama dine personopplysingar i tråd med retningsliner skildra i vår personvernerklæring.

14. Kva informasjon samlar me inn?

Bømlo-nytt lagrar og brukar opplysingar om namn, fødselsdato, e-postadresse, gateadresse og telefonnummer, og opplysingar om eventuell annan rekningsbetalar. I tillegg vert informasjon om bruk av tenestene lagra, medrekna kva tenester du tingar, kva nettsider som vert besøkte, informasjon om geografisk posisjon og teknisk informasjon om di eining og internett-tilkopling. Bømlo-nytt kan velja å samanlikna trafikkdata som er tilgjengelege ved hjelp av cookies med informasjon frå brukarprofilen. Dette gjer me for å tilpassa innhald til ditt brukarmønster og gje deg ei best mogeleg brukaroppleving.

15. Kva brukar me dine opplysingar til?

Opplysingane vert nytta av Bømlo-nytt for å gjennomføra avtalen med deg og til å betra og vidareutvikla tenestene. Me handsamar òg personopplysingar for å få større kunnskap om brukarane våre, slik at me kan levera tenester, tilrådingar, innhald, annonsar og marknadsføring som er tilpassa dykk. I tillegg vil opplysingane kunna verta nytta til analyse for å forstå marknadstrendane og for å avgrensa misbruk av tenestene. Dine personopplysingar vert ikkje selde vidare og ikkje nytta til andre føremål utan samtykke til dette frå deg.

16. Deling av din informasjon

Bømlo-nytt kan dela opplysingar om din bruk av tenestene med andre selskap eigde av oss og dei avisene me har eit gjensidig partnarskap med. Føremålet er tilsvarande det me har skildra i desse avtalevilkåra. Opplysingane kan utleverast til tredjepart i den grad det er naudsynt for at Bømlo-nytt skal kunna gjennomføra avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

17. Korleis kan du administrera eller sletta informasjon om deg sjølv?

Me lagrar ikkje personopplysingar lenger enn det som er naudsynt for å oppfylla føremålet med handsaminga. Du kan når som helst krevja innsyn i opplysingane og endra opplysingar på Mi side. Du kan også krevja at dei vert sletta, med mindre opplysingane er naudsynte for å gjennomføra avtaleforholdet mellom deg og Bømlo-nytt, eller opplysingane er lovpålagde. Ved å godkjenna desse vilkåra samtykker du også til vår
personvernerklæring.

18. Samtykke til marknadsføring

Som aktiv og betalande kunde hos Bømlo-nytt vil me kunna ringa deg og senda deg tilbod og annan relevant informasjon basert på opplysingar me har om deg som kunde. Me reknar deg som ein aktiv kunde 365 dagar etter siste aktive abonnement. Marknadsføringa vil vera i form av nyhendebrev, e-post, SMS eller liknande, og kan innehalda tilbod og informasjon om tilsvarande produkt og tenester.Dersom du ikkje har eit aktivt kundeforhold til Bømlo-nytt, vil du berre motta elektronisk marknadsføring dersom du har gjeve særskilt samtykke til det. Dersom du ikkje ynskjer å motta slik marknadsføring, kan du reservera deg ved å klikka på lekken til avmelding i førespurnadene frå oss.
Dersom du har spørsmål til avtalen, er du velkomen til å ta kontakt med oss:
Telefon 98250149 og e-post: kundeservice@bomlo-nytt.no

19. Endring av vilkår

Abonnementsvilkåra kan verta endra, og dei til kvar tid gjeldande vilkåra er oppdaterte på https://les.bomlo-nytt.no/vilkar.
Bømlo 17.09.2021